mandag 5. september 2011

Bjørnsonstipendet til Jan Roar Leikvoll

Under årets Bjørnsonfestival i Molde ble Jan Roar Leikvoll tildelt Bjørnsonstipendet 2011.Stipendet som deles ut til forfattere i startfasen lyder på 15 000 kroner. Det er Norsk Bokhandlerforening, Litterært råd og Bjørnsonfestivalen som er ansvarlig for utdelingen av stipendet. Jan Roar Leikvoll har gitt ut romanene Eit vintereventyr og Fiolinane.


Dette er juryen sin begrunnelse:
I båe romanane blir mennesket plassert i ekstreme situasjonar der hovudmålet er å overleva, anten det er ein konsentrasjonsleir eller eit samfunn råka av krig eller miljøkatastrofe, eller båe delar. Alt av normale samfunnsstrukturar har brote saman, alt håp synest borte, mennesket blir konfrontert med både si eiga utsletting og verdas undergang; og i ein slik eksistensiell tilstand degenererer figurane til eit dyrisk stadium. Samstundes ber mennesket med seg minne frå ei anna tid, og desse minna, der refleksjon og moral, kultur og danning er viktige ingrediensar, utgjer ei motvekt til driftene og impulsane som elles styrer romanfigurane. Ei strime av humanitet og omsorg er tilbake, for eksempel gjennom den gamle bestefaren i Fiolinane, som innviar barnet til det vakre, til kunstens plass i livet, til draumen om noko anna enn det konkrete og brutale som omgir dei til dagleg.

Slik spelar romanane til Jan Roar Leikvoll på mørker og lys, gru og kanskje ein flik av håp, og dei gjer det med eit insisterande alvor som vekkjer lesaren.
Jeg ønsker med denne lille artikkelen å gratulere med vel fortjent heder og ære. Jeg spår mer prisdryss på forfatteren Jan Roar Leikvoll. Samtidig ser jeg fram til å lese mer av ham i fremtiden.

Omslagsbildet av Eit vintereventyr er hentet fra Det norske Samlaget.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Skriv en kommentar