Viser innlegg med etiketten Olav H. Hauge. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Olav H. Hauge. Vis alle innlegg

søndag 1. mai 2011

Katten


Katten
sit i tunet
når du kjem.
Snakk litt med katten.
Det er han som er varast i garden.


Olav H. Hauge, Dropar i austavind, 1966, Det norske Samlaget.
Diktet er i sin helthet hentet fra Bokhylla.no
Bildet som også pryder en t-skjorte jeg har er hentet fra tanketom.net


mandag 21. mars 2011

Skuleplassen

Når klokka ringjer
for fyrste timen,
ligg skuleplassen att
- eit konkret dikt.

Tekkt trakk av gruppor
framfor inngangen
sakleg dryftande
månerakettar
og sekund i St. Mortitz

Halvferdige snømenner
stend att

etter dei minste.

Rundt på veggene far
etter einstødingar,
der stod han og ho.

På uthusveggen
ei spræne av snøballar,
ei knust rute på do,
yver døri til styvaren
eit svivyrdsleg kast.

Bokstavar i snøen:
Solveig + Knut,
Åse + -- han rakk
å strukja det ut.

Ute på plassen
ból etter slagsmål,
dropar av naseblod
og ein grøn vott.



Olav H. Hauge, Dropar i austavind, Det norske Samlaget, 1966
Diktet i sin helhet har jeg hentet fra Bokhylla.no
Bildet som også preger en t-skjorte jeg har er hentet fra tanketom.net