søndag 1. januar 2012

Dikt av Eldrid Lunden

Jaudå,
yndlingsfargen min er
svart.
Kvardagsgenseren min er svart
og losliten
slik at behåen lyser
opp andleta eg møter.

To kjolar har eg
i den utringa
horar eg med
lukka,
i den høghalsa
horar eg med
døden.

Såg meg i spegelen i dag
kan ikkje ha svart lenger,
held på å vekse ut gjennom
andletet.


Diktet er hentet fra diktsamlingen F. eks juli som Eldrid Lunden debuterte med i 1968. Omslagsbildet av Eldrid Lunden - Dikt i samling 1968-2000 er hentet fra Bokelskere.no

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Skriv en kommentar