mandag 10. januar 2011

Gjesteblogger Leif Høghaug inviterer til litteraturarrangement

Vidarforlaget ynskjer velkomen til boklansering



Skrift og strid - Essay om Henrik Rytter

Sindre Hovdenakk og Leif Høghaug (red.)


Tid: Tysdag 18. januar, kl. 18:00

Stad: Vidarforlaget / Bokvennen, Universitetsgaten 14, tredje etasje, Oslo.



Program:



- Velkomstord ved Sindre Hovdenakk og Leif Høghaug


- Høgtidleg opning av Rytter-salen


- Foredrag ved Heming Gujord: "Rytterstatue for ein ordkrigar"


- Øl, vin og konversasjon i Rytter-salen



Skrift og strid er ei bok om diktaren, omsetjaren og essayisten Henrik Rytter (1877–1950). I si tid var han rekna som ein av dei største diktarane i Noreg, og mange meinte han var den største. Ifølgje Ragnvald Skrede var Rytter Arne Garborgs arvtakar – og slik sett målrørslas viktigaste litterat i 20-, 30- og 40-åra. I 1929 skreiv Olav H. Hauge: «[Rytter] er på mange måtar eit fenomen. For det fyrste hev han no skapt seg eit diktarspråk som vore Shakespeare eller Homer verdig.»


Boka inneheld essay om Rytters mest omfattande omsetjingar: Dantes Den guddomlege komedien, Boccaccios Decameronen, Beowulf, 23 av Shakespeares skodespel og nynorsk-omsetjinga av Henrik Ibsens Peer Gynt. I tillegg inneheld boka biografiske essay om målmannen og det politiske stridsmennesket Henrik Rytter. Her er òg Rytters ti beste dikt, attåt innleiinga han skreiv til Shakespeare-omsetjingane, ei novelle frå Decameronen, utdrag frå Peer Gynt og Den guddomlege komedien. Og som ein historisk og politisk kuriositet: valmanifestet Rytter like etter den andre verdskrigen skreiv for Noregs Kommunistiske Parti.


Forfattarane: Johannes Gjerdåker, Kristin Gjerpe, Heming Gujord, Paal- Helge Haugen, Per Hovdenakk, Sindre Hovdenakk, Leif Høghaug, Klaus Johan Myrvoll, Arthur O. Sandved, Ronny Spaans og Aasne Vikøy.


Omslagsbildet av Skrift og strid - Essay om Henrik Rytter er hentet fra Vidarforlaget.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Skriv en kommentar